Vegteknolog

Arbeidsplassen

Full-time Engineering
Apply Now
Location
bergen, vestland, Norway
Posted
July 23, 2026

Job Description

Med våre over 6 000 tilsette er Vestland fylkeskommune ein av dei største arbeidsstadane i fylket. Vi har ansvaret for 5 547 km med fylkesveg, 278 tunnelar, 1 988 bruer, 30 ferjesamband. Avdelinga vår, Infrastruktur og veg, skal sikre ein framtidsretta infrastruktur. Målet er å betre samband internt i regionen og sørge for gode kommunikasjonar mot resten av landet.

Vi er ein av landets største byggherrar innan samferdsle, og vi har mange spanande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem.

For å styrke vårt vegteknologiske fagmiljø på geo- og skredseksjonen, søkjer vi no etter ein dyktig vegteknolog. Du vil bli ein sentral person når vi skal realisere nye samferdsleprosjekt og utføre viktige drift- og vedlikehaldsoppgåver på våre fylkesvegar.

Geo og skredseksonen består i dag av eit kompetent fagmiljø innan geoteknikk, ingeniørgeologi, skred og vegteknologi. Vi er i dag fire geoteknikarar, seks ingeniørgeologar, ein vegteknolog og ein DAK-operatø...