Rådgivar/Seniorrådgivar - samfunnstryggleik og beredskap

Arbeidsplassen

Full-time Management & Operations
Apply Now
Location
molde, møre og romsdal, Norway
Posted
July 26, 2026

Job Description

Rådgivar/Seniorrådgivar - samfunnstryggleik og beredskap

Stillingstittel: Rådgivar/Seniorrådgivar - samfunnstryggleik og beredskap

Om deg og stillinga

Den tryggingspolitiske situasjonen i verda har endra seg mykje dei siste åra. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har ei sentral rolle i utviklinga av totalforsvaret i fylket. Dette arbeidet gjer vi i nært samarbeid med kommunar, regionale styresmakter og nasjonale myndigheiter. Vi søkjer no ein person som skal jobbe med tryggingsleiing, regional samordning og kommunal beredskap. Samfunnstryggleik og beredskap er eit fagfelt i utvikling, og som stadig blir meir aktuelt. Du må difor vere endringsvillig og kunne inngå i eit arbeidsfellesskap der både oppgåver og arbeidsmetodar er i endring.

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

  • Tryggingsadministrasjon i tråd med tryggingslova.
  • Beredskapsplanlegging i samarbeid med nasjonale og regionale myndigheiter og kommunane, med særle...