Apply Now
Location
eivindvik, vestland, Norway
Posted
July 10, 2026

Job Description

Stillingstittel: Eining helse. Tilsetjing 100% prosjektstilling lågterskeltilbod for barn, unge og familiar 2026

Om stillinga

Gulen kommune har, for tida ved eining helse, ledig i inntil 100% prosjektstilling innanfor lågterskeltilbod for barn, unge og familiar. Oppstart er etter avtale med einingsleiar og eitt år fram. Det kan verte mogleg med noko forlenging.

Vi søkjer ein person som ønskjer å gjere ein forskjell for sårbare barn, unge og familiar. Du må ha god relasjonskompetanse, kunne arbeide tverrfagleg og vere oppteken av heilskaplege tenester på tvers av sektorar.

Prosjektstillinga er ein sentral del av kommunen sitt arbeid med å styrkje det førebyggjande arbeidet for barn, unge og familiar. Målet er å skape trygge og gode oppvekstvilkår gjennom tidleg innsats og ved å fange opp utfordringar på eit tidleg tidspunkt. Stillinga skal bidra til å førebyggje at utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus utviklar seg.

St...