Location
hardbakke, vestland, Norway
Posted
June 29, 2026
Job Description
Kvardagen har eit anna tempo når du bur på ei øy uten fastlandsforbindelse. Som oftast er det eit meir behageleg tempo, unntaket er når du skal rekke ferja. Lengst vest i Sognefjorden ligg det nokre slike øyer som til saman utgjer Solund kommune. Dei har 737 innbyggjarar, ca. 140 kommunalt tilsette og i overkant av 100 millionar i frie disponible inntekter i året.
Sjølv om vi er ein liten kommune er krava som vert stilt til oss dei same som krava som vert stilt til alle andre kommunar. Vi skal lage budsjett – og økonomiplanar, levere årsrekneskap og årsmelding, og fylgje og utvikle kommunen sitt eige finans- og økonomireglement. Sjølv om kvardagen er roleg kan arbeidsdagen være hektisk, særleg i november og februar.
Arbeidsoppgaver
- Leie arbeidet med budsjett – og økonomiplan i kommunen, i samråd med kommunedirektøren
- Leie arbeidet med årsrekneskapen
- Fagleg ansvar for økonomikontoret, inkludert fagsystema