Helsefagarbeidar

Helse Fonna

Full-time Other-General
Apply Now
Location
haugesund, haugesund, Norway
Posted
July 07, 2026

Job Description

**Om stillinga**:
- Har du lyst til å bli ein del av teamet på ei spennande, energisk og varierande avdeling?
- Då kan hemato/endo/infeksjon vere rette staden for deg og vi har for tida eit ledig vikariat i 100% stilling for deg som er helsefagarbeider.
Vi er ei medisinsk sengepost med 16 plassar og tre ulike fagfelt - her får du jobbe breitt og variert innan hematologi, endokrinologi og infeksjonsmedisin.
- Hos oss tek vi imot pasientar med samansette og komplekse helseutfordringar innan indremedisin - særleg blodsjukdomar, diabetes, sår og spesielle infeksjonar som tuberkulose, hjernehinnebtennelse, betennelse på hjerteklaffar og visse tropesjukdommar.
- Teamarbeid står i hjartet av alt vi gjer, og ulike yrkesgrupper jobbar tett saman for å levere topp kvalitet i pasientbehandlinga.
Avdelinga vår er ein glimrande plass for både fagleg vekst og personleg utvikling, og du vil bli ein del av eit fellesskap som stolt har vunne pris for godt arbeidsmiljø fleire gonger.