Fysioterapeut / spesialfysioterapeut

Arbeidsplassen

Full-time Healthcare
Apply Now
Location
førde, vestland, Norway
Posted
July 23, 2026

Job Description

Om stillinga

Vi søkjer ein engasjert fysioterapeut som ønskjer å vere med og gjere ein forskjell for barn og unge med medfødde eller erverva funksjonsnedsetjingar. Som fysioterapeut hos oss får du ein variert arbeidskvardag med utgreiing, kartlegging, behandling og oppfølging av barn og unge frå 0–18 år. Du samarbeider tett med barn, familiar, kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar, og blir ein del av eit sterkt tverrprofesjonelt fagmiljø. Arbeidet omfattar både poliklinisk og ambulant verksemd, rettleiing av kommunale tenester og deltaking i tverrfaglege vurderingar og oppfølging. Ingen dagar er heilt like – hos oss får du kombinere klinisk arbeid, fagutvikling og samarbeid på tvers av profesjonar.

Om seksjonen

Barn og unge habilitering er ei spesialisthelseteneste for barn og unge med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsetjingar. Vi arbeider familiesentrert og tverrprofesjonelt, med mål om å styrkje barnet si utvikling, deltaking og l...