Fysioterapeut, i inntil 100% fast

Lina Hantveit

Full-time Healthcare
Apply Now
Location
eivindvik, vestland, Norway
Posted
July 13, 2026

Job Description

Om stillinga

Vil du verte vår nye fysioterapeut? Me kan tilby spanande og varierte arbeidsoppgåver. Er du utdanna fysioterapeut, håpar me du vil sjekke ut denne annonsen og legge inn ein søknad til oss.

Gulen kommune har ledig i inntil 100% fast stilling som fysioterapeut, med tilsetjing frå tidlegast august 2026/etter avtale.

Gulen kommune er ein god stad å bu og arbeide, og me ynskjer deg hjarteleg velkomen. Gulen kommune har i dag to fysioterapeutar, kor delar av tilbodet er via driftstilskot, og ein ergoterapeut. Vår nye kommunale fysioterapeut vil verte ein del av eit godt fysio-/ergoterapeutfelleskap, og vil yte tenester i heile kommunen. Tenesta har i dag tett samarbeid med heimebaserte tenester og sjukeheim. Arbeidskvardagen vil vere varierande med oppfølging av ulike aldersgrupper både ved institusjon i heile kommunen og ved heimebesøk. Kontorstaden er ved Gulen sjukeheim. Tenestene er organisert under eining helse, som også inneheld andre kurat...